Vi gjer det enklare

Lars Peder Brekk

Fjoråret var prega av store endringar for Brønnøysundregistra. 6. januar tok eg over som ny leiar ved registera. Eg blei møtt av ein sterk organisasjon som er prega av tung fagleg kompetanse og ein sterk vilje til å levere.
Utpå våren blei det sett i gang ei omfattande organisasjonsutvikling. Samtidig starta arbeidet med ein ny, framtidsretta og spissa strategi. I løpet av hausten gjorde vi omfattande endringar i leiinga ved Brønnøysundregistra. Samtidig har vi landa målbiletet 2025, som gjennom fem overordna mål skildrar den retninga Brønnøysundregistra skal utvikle seg i det komande tiåret. Vi er komne langt i arbeidet med omorganisering som skal gjere oss betre i stand til å levere innanfor målbiletet og vere ein pådrivar som Forenklingsetaten i åra som kjem.

Parallelt med dette omfattande arbeidet har organisasjonen levert på alle område.  For Altinn var høgvolumperioden i samband med sjølvmeldinga i mars sjølve testen på om den unike dialogløysinga var kvitt barnesjukdomane. Altinn bestod med glans. Det er i løpet av året også utvikla ny digital funksjonalitet i Altinn som ytterlegare har auka kundevelviljen og funksjonaliteten til løysinga.
I løpet av året har vi bidrege til det internasjonale samarbeidet gjennom etableringa av Legal Entity Identifier (LEI) som er ein global identifikator av einingar som gjennomfører finansielle transaksjonar på tvers av landegrensene. Nærings- og fiskeridepartementet har på bestilling også fått overlevert eit konsept for etablering av elektronisk aksjeeigarbok.

Det har gjennom året vore ein kraftig auke i innsende meldingar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret og Lausøyreregisteret. Ved årsskiftet utgjorde den elektroniske delen 89 prosent av alle meldingar til Føretaksregisteret.
Den årlege Brukarundersøkinga gir oss svært positive tilbakemeldingar. Brukarane er tilfredse med tenestene våre og vi nyt stor tillit ute i samfunnet. Dette er tilbakemeldingar som gir oss kraft og styrke til å vidareutvikle produkta og dei digitale tenestene våre på ein slik måte at brukarane i størst mogeleg grad «finn, forstår og får til».

Brønnøysundregistra har eit genuint utgangspunkt for å kunne bidra til fornying, forenkling og forbetring av offentlege tenester. Dette er eit arbeid vi vil forsterke og spisse i tida som kjem. Vi har rigga oss for nye utfordringar og for å kunne ta nye roller som Forenklingsetat i det offentlege Noreg.

 

 

signatur
Lars Peder Brekk
Direktør Brønnøysundregistra

Visste du at...