Diagram og tal

Brønnøysundregistra

Førespurnader på telefon 2011–2014

diagram

Samanlikna med 2013 blei den gjennomsnittlege ventetida ved Altinn Brukarservice og Opplysningstelefonen redusert med høvesvis 9,8 prosent (9,8 sekund) og 21,1 prosent (14,8 sekund). Gjennomsnittleg ventetid i 2014 ved Bedriftsrettleiing var 16,1 sekund.

Elektronisk innkomst ved ulike register (Gjennomsnittlege tal pr. år)

diagram

Oppslag mot Brønnøysundsregistra sine ulike nettenester

diagram

Altinn

Altinn Brukarservice 2011-2014

diagram

2014: I den årlege brukarundersøkinga svarar 85 prosent at dei får raskt svar når dei kontaktar Altinn brukarservice, og 81 prosent svarar at dei fekk løyst problemet sitt når dei tok kontakt.

Prosentdel som svarer ja på årleg brukarundersøking

diagram

2014: Av 2 000 spurte er det 1 792 som har brukt Altinn for rapportering og innlevering av offentlege skjema (ein auke på 4,3 Prosent jf. 2013-tal).

Einingsregisteret

Registrerte i Einingsregisteret og tilknytta register

diagram

Ingen einingar kan registrere seg i nokon av dei «tilknytta registra», utan først å vere registrerte i Einingsregisteret. Ei eining kan difor, i tillegg registrering i Einingsregisteret, vere registrert i eit eller fleire av desse registera.

Talet på einingar i Einingsregisteret har sidan 2009 auka med 13,5 prosent (124 939 einingar). Talet på einingar som er registrerte både i Einings- og Føretaksregisteret har i den same perioden auka med 9,5 prosent (40 788 einingar).

Saker behandla i Einingsregisteret

diagram

2014: Frå 2011 til 2014 har talet på saker ved Einingsregisteret auka med 62 031 (17,0 prosent). I denne perioden har talet på nyregistreringar auka med 27 316 (19,6 prosent).

Føretaksregisteret

Føretak oversende til tingretten 2011-2014

diagram

Talet på føretak som er oversende til tingretten går ned også i 2014.
37,1 prosent av oversendingane skyldast manglande revisor. Dette gjenspeilar seg i «Tvangsoppløyst – ev. under behandling hos tingretten». Av dei 515 i 2014 ble 43,8 prosent tvangsoppløyst i samband med mangel på revisor.

Prosentdel registrerte føretak fordelte på føretakstypar pr. 31.12.2014

diagram

2014: Prosentdelen «Enkeltpersonføretak» har gått ned heilt sidan 2003 og er no nede på 27,7 prosent.

Frivilligregisteret

Alle einingar i Frivilligregisteret, bestand pr. 31.12.2014

diagram

2014: Sidan etableringa, 2.12.2008, har 32 514 einingar registrert seg i Frivilligregisteret. Desse kan vere med i Norsk Tipping sin Grasrotdel, og i tillegg søkje om momskompensasjon.

Gebyrsentralen

Registrerte tvangsforretningar, tvangssal fast eigedom og utleggsforretningar 2011-2014

diagram

Etter ein auke i talet på tvangsforretningar frå 2012 til 2013, blei talet på tvangsforretningar redusert med 5,7 prosent (1 360 stk.) i 2014. Talet på tvangssal av fast eigedom blei også redusert med 5,8 prosent (1 072 stk.). Talet på utleggsforretningar held fram med å gå ned, i 2014 med heile 26,5 prosent (13 stk.) samanlikna med 2013.

Jegerregisteret

Registreringar i Jegerregisteret

diagram

Konkursregisteret

Konkursar og tvangsavviklingar pr. 31.12. fordelte på fylke

diagram

2014: Samanlikna med 2013 har talet på konkursar og tvangsavviklingar auka i 2014 med høvesvis 5,5 prosent og 6,1 prosent. Mengda nærmar seg toppåret 2009, då det var høvesvis 4 985 konkursar og 1 490 tvangsavviklingar.

Størst auke i talet på konkursar finn vi i Akershus, med 78 stk. (15,7 prosent auke). Størst nedgang er det i Møre og Romsdal, med 32 stk. (13,6 prosent). Når det gjeld tvangsavviklingar har Akershus den største auken, med 25 stk. (20,5 prosent). Størst nedgang finn vi i Rogaland, med 26 (27,7 prosent).
(* Korrigerte tal)

Konkursar og tvangsavviklingar pr. 31.12. fordelte på bransjar

diagram

2014: Det er framleis i bransjen «Varehandel, reparasjon av motorvogner» at vi finn ein stor del av konkursane. Over to prosent av alle konkursane høyrer heime i denne kategorien, berre slegen av kategorien «Personleg konkurs» som har ein andel på 28,5 prosent i 2014.

Sjølv om «Personlege konkursar» ikkje er ein bransje, blir tala sett på som såpass interessante at dei er tekne med i statistikken. Frå 2013 til 2014 har det vore ein auke på 57 stk. (4,4 prosent).

Over 32 prosent av alle tvangoppløysningar finn vi i bransjen «Eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting». I 2014 hadde bransjen 338 konkursar, som var ein auke på 13,4 prosent (40 stk.) samanlikna med 2013. Størst reduksjon i talet på tvangsoppløysingar hadde bransjen «Varehandel, reparasjon av motorvogn» med ein reduksjon på 52 stk. (22,2 prosent).

Talet på både konkursar og tvangsoppløysingar har auka i 2014 samanlikna med 2013 – høvesvis med 5,3 prosent (242 stk.) og 6,1 prosent (60 stk.). Talet på konkursar har ikkje vore så høgt sidan 2009, då det var totalt 4 985 konkursar.

Konkursar og tvangsavviklingar

diagram

2014: Etter toppen i 2009 har talet på konkursar og tvangsavviklingar gått ned fram til 2012. Dei to siste åra har konkurstalet auka. i 2014 med 5,5 prosent (251 stk.) samanlikna med 2013 (korrigerte tal). Samtidig steig talet på tvangsavviklingar med 6,1 prosent (60 stk.).

Nye, utløpte/opphøyrte og løpande konkurskarantenar

diagram

2014: Tala på både nye og utløpte/oppheva konkurskarantenar blei reduserte i 2014, med høvesvis 11,9 prosent og 18,2 prosent samanlikna med 2013. Nye konkurskarantenar hadde ein topp i 2013, og i 2014 har løpande konkurskarantenar ein topp på 683. Så høgt har ikkje talet vore sidan 2002 (710 stk.).

Lausøyreregisteret

Tinglysingar 2011–2014

forts. Tinglysingar 2011–2014, presisering av «Anna» jf. førre diagram

diagram

2014: Etter ein liten nedgang i 2008 har det samla talet på tinglysingar auka jamt dei seinare åra. Frå 2013 til 2014 var auken på 6,8 prosent (33 734 stk.). Sidan 2008 har talet på tinglysingar auka med over 40 prosent (154 082 stk.).

Opna gjeldsforhandlingar og tinglyste gjeldsordningar 2011–2014

diagram

2014: Tendensen med reduksjon i opna gjeldsforhandlingar og tinglyste eigedomar held fram. Frå ein topp i 2011 har opning av gjeldsforhandlingar, frivillige gjeldsordningar og tvungne gjeldsordningar blitt redusert med høvesvis 14,9 prosent, 7,4 prosent og 22,1 prosent.

Oppgåveregisteret

Oversikt tal innsendingar i Oppgåveregisteret - fordelt på digitaliserte/ikkje digitaliserte innsendingar (2014)

diagram

Totalt tal skjema for innsending i Oppgåveregisteret er om lag 21,8 millionar. Om lag 1,8 millionar kunne ikkje utfyllast digitalt. (i 2014).

Statlege oppgåveplikter - belastning for næringslivet (tall årsverk)

diagram

Samordnings- og forenklingstiltak er til dømes enklare skjema, redusert innsamlingshyppigheit, overgang til elektronisk innrapportering og meir samarbeid mellom etatane.

Rekneskapsregisteret

Aksjeselskap oversende tingretten i 2014 for manglande innsending av årsrekneskapen for rekneskapsåret 2012

diagram

2014: Mengda av aksjeselskap som blir oversende til tingretten på grunn av manglande innsending av årsrekneskap har ein auke på 29,8 prosent (228 stk.) i 2014, samanlikna med 2013.

Prosentdelen som rettar opp forholdet med at årsrekneskapen blir sendt inn (etter oversending til tingretten) var i 2014 på 30,7 prosent (mot 33,6 prosent i 2013).

Fordeling av løpande forseinkingsgebyr pr. 1. september

diagram

Om komplett årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding ikkje er sende til Rekneskapsregisteret før 1. august ved papirinnsending – eller før 1. september ved elektronisk innsending – vil det bli berekna forseinkingsgebyr.

Som tidlegare år er det organisasjonsforma norskregistrert utanlandsk føretak som har størst del pådømde forseinkingsgebyr, mens aksjeselskap har størst mengd.

Pr. 1. september 2014 blei 35,3 prosent av alle rekneskapspliktige norskregistrerte utanlandske føretak pådømt forseinkingsgebyr. Det tilsvarande talet for enkeltpersonføretak og aksjeselskap var høvesvis 5,3 prosent og 9,1 prosent.

Innsende årsrekneskapar til Rekneskapsregisteret

diagram

2014: Talet på innsende årsrekneskapar auka med 2,8 prosent (8 256 stk.) frå 2013 til 2014. Det er talet på årsrekneskapar som er sende inn elektronisk via Altinn-portalen som held fram med å auke, og den elektroniske innkomsten er dermed 85,4 prosent, ein auke på 3,7 prosent (3,0 prosentpoeng) frå 2013 til 2014.

Likevel trer regelen om pålagd elektronisk innsending i kraft frå og med 1.1.2015.

Mangelfulle årsrekneskapar blir nekta. Talet på nekta årsrekneskapar leverte via Altinn var 7,9 prosent i 2014 – den lågaste prosentdelen sidan 2006 (6,9 prosent.).

Reservasjonsregisteret

Reservasjonar i Reservasjonsregisteret 2011-2014

diagram

Som åra før var det også i 2014 ein auke i talet på reservasjonar i Reservasjonsregisteret.
*) Tidlegare humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar

Tilleggsreservasjonar i Reservasjonsregisteret 2011–2014

diagram

Frå og med 1.6.2009 blei det (etter lovendring) i tillegg mogleg å registrere fleire telefonnummer og sekundær adresse i Reservasjonsregisteret.