Om 2014

Lars Peder Brekk

Vi gjer det enklare!

Brønnøysundregistra bidreg til fornying, forenkling og forbetring av offentlege tenester for innbyggjarar, næringsliv og frivillig verksemd. I denne årsmeldinga finn du informasjon om Brønnøysundregistra og Altinn gjennom 2014. God lesing!.

Les heile artikkelen

Med meldingsboksen i lomma

Den nye Altinn-appen blei lansert i juni 2014. Appen gjev lesetilgang til meldingane som ligg i Altinn meldingsboks, både for privat og for eventuelle roller ein måtte ha i næringslivet. Det er også mogleg å sjå kva slags skjema og meldingar ein har sendt inn og arkivert.

Les heile artikkelen

Digital melding - raskt digitalt svar

Alle som sender inn digitalt til Einingsregisteret og Føretaksregisteret får digitalt svar innan ein time etter at vedtak er fatta. Dette er ei forenkling som gjeld mange og som blei gjennomført i 2014.

Les heile artikkelen

Framleis stor tillit blant brukarane

Brukarane våre har stor tillit til oss. Over 90 prosent av dei spurte i den årlege brukarundersøkinga vår svarer at dei meiner vi er tillitsskapande som myndigheitsutøvar og datakjelde.

Les heile artikkelen

Innovation@altinn

Innovation@altinn er eit innovasjonsprogram og samarbeidsforum rundt Altinn-plattforma mellom Brønnøysundregistra og Accenture. Programmet driv idéprosessen rundt nye måtar å nytte seg av Altinn på.

Les heile artikkelen

Meir maskinell saksbehandling - bra for brukarane

Rekneskapsførarar kan no rapportere raskare for klientane sine. Ei ny løysing som blei tatt i bruk i oktober gjer at enda meir saksbehandling ved Brønnøysundregistra blir gjord maskinelt.

Les heile artikkelen

Sparer 100 årsverk på digitalisering

Lausøyreregisteret ved Brønnøysundregistra ligg langt framme i forenklingsarbeidet. Om alt som blir send inn dit skulle ha vore behandla manuelt, måtte vi ha brukt 100 fleire årsverk.

Les heile artikkelen

Tilbyr opne data for verdiskaping

I 2014 lanserte vi ein pilot på ei ny teneste for å avgi rådata til fri bruk. Opne data frå Einingsregisteret var først ute.

Les heile artikkelen

Samarbeidssuksessen Starte og drive bedrift-dagen

Allereie hausten 2013 vart den første Starte og drive bedrift-dagen arrangert i Namsos. Sidan då har vi vore rundt på fleire stadar i Noreg for å gje informasjon og inspirasjon til dei som tenkjer å starta for seg sjølv og for dei som har etablert ei bedrift siste året.

Les heile artikkelen

Det hende i 2014

6. januar: Lars Peder Brekk på plass som direktør

Måndag 6. januar hadde Lars Peder Brekk sin fyrste dag på jobb som direktør ved Brønnøysundregistra.

6. januar: Stadig fleire vel elektronisk registrering

Stadig fleire vel elektronisk registrering, og ei aukande mengd aksjeselskap vel å ikkje revidere årsrekneskapane sine. Elektronisk melding av fusjon og fisjon kom opp i 85 prosent på rekordtid.

24. januar: Trudde dei snakka med Brønnøysundregistra

Fleire personar som nyleg hadde registrert enkeltpersonføretak trudde dei hadde snakka med Brønnøysundregistra og følte seg lurte for pengar. Dei hadde blitt oppringt av nokon som mellom anna bad om kontoopplysningar.

30. januar: Statsråden vel Schrøderkvartalet som registertomt

Næringsminister Monica Mæland avgjorde 30. januar at det nye bygget til Brønnøysundregistra skal byggast i Schrøderkvartalet.

10. februar: European Business Register (EBR) med ny teneste

Central Name Index (CNI) er ei ny teneste i nettverket European Business Register (EBR), som Brønnøysundregistra er ein del av. Tenesta gjer det mogeleg å søkje elektronisk etter informasjon om føretak på tvers av landegrenser og i fleire land samstundes.

3. mars: Digital melding gir raskt digitalt svar

Alle som sender inn digitalt til Einingsregisteret og Føretaksregisteret får no også digitalt svar innan ein time etter at vedtak er fatta.

6. mars: Nytt elektronisk produkt viser konsernstruktur

Einingsregisteret har slutta å sende ut oversikt over konsernstruktur ved førstegongs registrering eller endring i konsern. I staden kan du bestille konsernstruktur-oversikt elektronisk i altinn.no.

11. mars: Vedtekter og stiftelsesdokument på nett

No kan du bestille vedtekter, stiftingsdokument og andre saksdokument på brreg.no.

20. mars: Rekord-trafikk på Altinn

Over 1,4 millionar brukarar var innlogga i Altinn-løysinga mellom midnatt 19. mars og klokka sju om morgonen 20. mars, for å lese sjølvmeldinga. – Det er ein rekord vi er stolte av, sa Altinn-direktør Kjersti Lauritzen.

7. april: Sparer 100 årsverk på digitalisering

Lausøyreavdelinga ved Brønnøysundregistra ligg langt framme i forenklingsarbeidet. Om alt som blir sendt inn til Lausøyreavdelinga skulle ha vore behandla manuelt, måtte dei ha brukt 100 fleire årsverk.

11. april: Truga av tvangsavvikling

1 744 aksje- og allmennaksjeselskap, bustadbyggjelag, samvirkeføretak og europeiske føretak hadde ikkje oppfylt innsendingsplikta for årsrekneskap for 2012. Dermed stod dei i fare for å bli tvangsavvikla.

23. april: Digitalisering – samarbeid eller kaos?

- Eg ønskjer å revitalisere samarbeidet rundt Altinn. Det betyr at Brønnøysundregistra må gi frå seg makt til tenesteeigarane, slik at Altinn kan opplevast som eit meir reelt samarbeid, skriv Lars Peder Brekk i ein kronikk i Computerworld.

8. mai: Tilbyr forenklingsverkty for næringslivet

Forenklingsseksjonen vår gjestar statlege etatar og gir innspel til gjenbruk av informasjon. Dette skal gjere kvardagen lettare for næringslivet.

9. mai: Best på kundeservice

Brønnøysundregistra blei kåra til «Best på kundeservice» i offentleg sektor under Call Center-dagane i Oslo i mai.

12. mai: Ein million mot reklame

Ein million telefonnummer er no registrerte i Reservasjonsregisteret mot telefonsal og adressert reklame.

15. mai: Heilautomatiske klientlister

Ei heilautomatisk løysing på brreg.no gjer at revisorar og rekneskapsførarar når som helst på døgnet kan bestille ei liste over klientane sine.

15. mai: Nye opne data til nedlasting

Du kan laste ned fleire opne data frå Brønnøysundregistra, også oversikt over tilsette på juridisk nivå, som aksjeselskap, og på undereiningar, som avdelingar.

20. juni: Du kan få pre-Legal Entity Identifier (pre-LEI) i Noreg

Frå 20. juni 2014 er tenesta Global Legal Entity Identifier Norway (GLEI Norway) i drift hos Brønnøysundregistra. Norske juridiske personar som treng den internasjonale identifikatoren pre-LEI i samband med derivathandel eller andre transaksjonar og rapporteringar i finansmarknaden kan no skaffe seg identifikatoren her heime.

28. august: Sparer mykje på å bruke Altinn

92 prosent av norske bedrifter seier at dei har teke i bruk digitale, offentlege tenester i Altinn. Det betyr over ein milliard årleg sparte kroner takk vere enklare, tryggare og betre løysingar, seier næringsminister Monica Mæland.

28. august: Etablererveilederkonferansen

Dagsaktuelle tema, inspirerande føredragshaldarar og høve for nettverksbygging var stikkord knytte til Etablererveilederkonferansen 2014 i Sandefjord.

2. september: Registerbygget plassert

Statsbygg har i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet bestemt kvar Brønnøysundregistra sitt nye bygg skal liggje.

2. oktober: Tek rolla som forenklingsetaten

- Det skal ikkje vere tvil om kva område vi skal levere på som nasjonal forenklingsetat, seier direktør Lars Peder Brekk. Vi skal forsterke og vidareutvikle:
  • rolla som den beste i verda til å forvalte og drifte register
  • Altinn som det suverent beste verktyet for samhandling og dialog

21. oktober: Meir maskinell saksbehandling - bra for brukarane

Rekneskapsførarar kan no rapportere raskare for klientane sine. Ei ny løysing gjer at enda meir saksbehandling ved Brønnøysundregistra blir gjort maskinelt. Meldinga blir behandla direkte, når det passar brukarane, og svaret kjem med ein gong.

22. oktober: Tilbyr opne data for verdiskaping

Brønnøysundregistra har no lansert ein pilot på ei ny teneste for å avgi rådata til fri bruk. Opne data frå Einingsregisteret er først ute.

10. desember: Send årsrekneskapen via Altinn

Frå årsskiftet 2014/2015 kunne du ikkje lenger sende årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret i posten, men levere enklare gjennom Altinn.

Visste du at...